Vil det inga ende ta
Novelle av Aina Klippenberg



Angsten greip meg. Stolane føyk rundt i rommet. Kvifor han var så sint denne gongen visste eg ikkje, men ein ting var sikkert, tablettane ville ikkje hjelpa denne gongen.

Bror min, Klaus, hadde frå han var liten hatt problem med sinnet sitt. Han hamna ofte i slagsmål, og kom heim med lappar der læraren hadde skrive at han måtte til elevsamtale igjen. Etter at mamma og pappa skilte lag, blei det berre verre. Kvar gong han blei sint, gjekk det ut over meg.

Då eg var ni år, flytta me til Mårnegata. Eg og Klaus begynte på Nygård barneskule. Han i sjette og eg i tredje. For det meste av tida gjekk det greitt, men etter kvart som Klaus blei meir og meir sint, kalla folk meg berre søstera til Klaus. Eg var ikkje lenger ho nye jenta. Folk visste kven eg var, men ikkje kva eg hette. Eg hadde ei gong eit namn, eg hadde ei gong gode venar, men no visste folk berre at eg var ho så hadde den broren som alltid hamna i slagsmål.

Då eg var elleve år, byrja Klaus å kasta ting på meg. Eg trur mest det var fordi han ville tøffe seg for venane sine, vise at han kunne kontrollere veslesøstera si. Han slo meg ofte, og det hende at eg kom på skulen med blåmerker på armer og bein. Klassevenar trudde berre at eg var klønete, og eg tørde ikkje seie noko. Eg var redd for at Klaus skulle hamne på barneheim. Og eg var sikker på at når han blei vaksen, ville han hamne i fengsel. Eg gjekk ofte rundt og bekymra meg for at Klaus kom til å skade fleire enn meg.

Eg huske godt den fyste gongen han kasta noko på meg. Eg blei så forskrekka.
Klaus slutta skulen samtidig med meg og hadde med seg nokre venar heim. Eg sette meg til å sjå på tv, hadde akkurat drukke den siste slurken av brusflaska. Klaus blei rasande, hevda at brusen var hans. ”Du skulle ikkje ha tatt den”, skreik han og kasta flaska mot meg.
Ho trefte meg i nasen og eg byrja å grina, mest av sjokk trur eg. Eg sprang opp på rommet mitt og snakka ikkje med bror min på lenge.

Då eg var tretten, skjedde det noko som gjorde at eg aldri har kunne snakke skikkelig med Klaus meir. Han blei sint for at eg ikkje gadd laga mat til han. ”Me skulle tru at eg var større enn deg”, lo eg til han. ”Seksten år å så kan du ikkje laga din eigen mat!” Kniven eg hadde brukt til å skjæra opp agurk med, låg framleis på bordet. Klaus greip den og kasta han mot meg. Han trefte meg heldigvis ikkje. Om kvelden fekk eg ikkje sova. Eg snudde og vrei på meg, uroleg, prøvde å ikkje tenka. Men tankane kom. Eg såg for meg kva som kunne skjedd dersom eg hadde stått to millimeter nærmare stolen. Eg hadde vært død! Korleis ville mamma reagert? Hadde ho vore lei seg? Eller hadde ho sagt at det ikkje var Klaus sin feil? Hadde ho framleis forsvart han? Dei neste dagane gjekk eg rundt som i ei transe. Eg oppførte meg sånn så eg pleidde, men inni hovudet mitt var det eit einaste kaos. Eg var redd for å seie noko, redd for at Klaus neste gong ville treffe meg, redd for å døy.

Mindre enn eit år seinare skjedde det som forandra liva våre for alltid..
Klaus og mamma hadde vært til fleire samtaler med barne og ungdomspsykolog.
Det var jo synd på han stakkar, det var jo han så hadde det vanskeleg.
Akkurat dette gjorde meg sinna. Ikkje det at eg ville til psykolog, men at mamma såg ut som ho brydde seg mest om Klaus. Ho visste kva han gjorde mot meg, ho hadde høyrt dei namna han kalla meg, men ho sa ingenting til han.
Det kjendes ut som ho berre såg det ho ville sjå.

Mamma og Klaus kom heim. Mamma kremta og sa: ”Klaus har ADHD” Det blei heilt stille i rommet. ”Kva er det?”, spurte eg. Mamma såg på meg og sa at det var ein medfødt sjukdom så gjorde at Klaus ikkje hadde kontroll over nokon av dei tinga han gjorde og sa. At når han blei sint, arbeida hjernen for tregt og gjorde at han ikkje kunne sjå forskjell på rett og galt.

Klaus begynte å ta medisinar for å klara og kontrollere sinnet. Han forsette å mobba meg, men nå var det berre med ord. Det gjorde faktisk vondare enn då han slo og kasta ting på meg. Eg ville så gjerne tru at han hadde forandra seg, men kvar gong det så sånn ut, skuffa han meg. Eg hadde falske håp og grua meg til å koma heim. Eg var veldig redd, men forblei taus. Eg ville ikkje vere egoist, eg ville vere bekymra for Klaus. Eg kom heim, spurte litt forsiktig korleis Klaus hadde det. Lata som eg forsto han, men det gjorde eg ikkje. Eg hadde så vanskelig til å forstå kvifor han ikkje kunne kontrollere kva han gjorde. Han såg vel kor mye vondt eg hadde? Viss han berre kunne sagt unnskyld, så kunne eg kanskje tilgitt han.
Medisinane fekk, etter kvart, bivirkninger. Klaus mista matlysta og fekk søvnproblem. Ein gong då han gløymte å ta medisinen, blei raserianfallet verre enn noko gong. Stolar flaug rundt i rommet, mamma grein. Eg forblei taus.

Etter eit halvt år på medisinar, fekk Klaus plass på ein folkehøgskule, for sånne så han, sånne med problem. Der likte han seg veldig godt og fekk mange gode venar. Det blei stille heima. Det var trygt på ein måte. Eg fekk mye tid til å tenke på kva som eigentlig var hendt oss. På kva denne sjukdommen hadde påført, ikkje berre Klaus, men heile familien. Eg spurte meg sjølv om noko av det var min feil. Eg skulle kanskje ikkje ha sagt noko av det eg sa til han. Hadde eg provosert ham på noko måte? Eg tenkte på kvifor eg klandra han. Det var jo ikkje hans feil eigentlig, men eg klarer ikkje å tilgi han for det han har gjort mot meg. At eg som 9-åring måtte ligga å høyra på at mamma gråt seg i søvn om kveldane, at eg gjekk rundt og var redd for å koma heim om ettermiddagane, at eg som berre ungen, prøvde å ta livet mitt med fleire høver.

Me kunne ikkje stole på kvarandre, måtte alltid passe på kva me sa så ikkje Klaus skulle bli sint. Me har måtte leva livet etter Klaus sitt sinne.

Nå er det sju månadar sidan Klaus begynte på skulen igjen. Livet har blitt mye enklare, eg har fått gjort kva eg sjølv ville, utan å tenka på kva Klaus ville seie til det. Eg er framleis redd han, men eg er veldig glad i han og ville ikkje bytta han ut med nokre andre i heila verda. Eg skulle ønskje fagfolk hadde tatt seg tid til å høyre på korleis heile familien hadde hatt det, i staden for berre å snakke og høyre på Klaus. Viss eg hadde fått snakka med nokre, hadde det hjulpe på min psyke. Eg hadde kanskje sluppe å vore så usikker på meg sjølv. No kan eg ikkje la vær å lure på om eg nokon gong kjem til å ha eit godt forhold til bror min. Vil eg alltid ha vanskeleg for å snakka med han?