|
|
Eg er ein sakkosekk. Ein slitt sakkosekk på eit tog. Livet som
sakkosekk er ikkje så lett som folk vil ha det til. Eg blei laga
for at folk skulle sitte i meg. Eg skulle vere ein plass dei kunne hyggje
seg. Slik eg ser det, er det ikkje mange som hyggjer seg på dette
toget. Dei fleste er dystre. Det virke som dei ikkje veit kva det er
dei gjer på dette toget. Nokon sit berre og stirar i lufta. Stasjon
etter stasjon passerer dei utrykkslause andleta deira. Slik sit dei,
heilt til dei finn seg plasserte på perrongen og ser toget reise.
Andre gonger sit dei slik heilt til dei plutseleg finn ut at dei skal
av på neste stasjon. Dei nærmast spring på veggane
og prøver å finne ut kva side dei skal gå av på.
Andre igjen sit stasjon etter stasjon og berre ventar på å
gå av. Kvar gong konduktøren kjem får han mange spørsmål
frå passasjerane. Nokon av Det sit eit par, ei ung dame og ein mann, på Stol. Den eine på fanget til den andre. Dei ser ut til å vere kvarandre ganske nær. Han kviskrar noko i øyret hennar. Ho lettar på smilebanda og kviskrar noko tilbake. Frå den dagen dei plasserte meg her, har eg hatt sterk konkurranse av Stol. Eg likar ikkje Stol. Likar ikkje den arrogante, sjølvsikre haldninga. Ho har vore der alt for lenge. Sit der med sine faste former og trur ho er betre enn alle. Stol er godt plassert. Stol er høgare enn meg. Stol ser betre ut enn meg. Stol er førstevalet til passasjerane. Stol kan sjå kva som er på den andre sida av toget. Stol svarar aldri når eg spør. Eg har alltid lurt på kva som er utanfor dette toget. Den eine sida er natt. Det er eg sikker på. Alltid er det mørkt. Meir klarer eg ikkje sjå, sit for nær vindauget. Ser kun det svarte store ingenting som strekk seg så langt opp auge kan sjå. Der himmelen skulle vore. Hadde eg berre vore høgare. Då kunne eg sjå kva som eigentleg var der. Slik det er nå kan eg berre sjå kva som hender på den andre sida. Sida der det aldri blir natt. Kvar gong toget stoppar opp for å sleppe av ein eller fleire passasjerar kan eg sjå detaljane på den verda som er utanfor. Gatene og husa er dei vakraste byggverk eit menneske nokon gong har sett eller kjem til å sjå. Laga av det reinaste gull som glinsar i det evigvarande varme sollyset, smykka med edelsteinar frå topp til tå. Bak husa går vegen vidare inn i ein skog. Den vakraste skogen ein kan tenke seg. Inn mellom trea kan eg få auge på ei trone. Viss det skulle vise seg at nokon skulle av på den sida er det lett å vite. Då er det heilt tettstappa av folk i kvite klede. Ein skare av forskjellige tonar og lydar, den eine meir fantastisk enn den andre, spreiar seg i det dørene går opp og personen eller personane går av og blir hjarteleg omfamna av dei vennlege menneska som allereie er der. Ein liten forandring i rytmen av tog mot skinner fortel at toget er på veg inn mot ein stasjon. Paret på Stol sitt framleis og kviskrar små løyndommar til kvarandre. Eg kan sjå korleis dei smilar til kvarandre i augekroken. Toget går saktare no. På den andre sida kan eg sjå mange kvitkledde skapningar som står parat til å ta imot dei som måtte kome av toget. Ut frå ingenplass kjem konduktøren stigande fram. Han strekk ut ein arm mot det leikande paret. Som om ho forstår, reisar dama seg og følgjer konduktøren mot utgangen. Eit brus av tonar strøymer inn i vogna. Det høyres jubel utanfor, så er alt stille. Sakte byrja dunkinga av overgangane mellom skinnene å fylla tomheita som var etterlaten. Eg ser på mannen. Først synest eg han kan ha det så godt. Sånn går det når du set deg på ein stol i staden for ein flott sakkosekk. Mannen reiser seg og går mot neste vogn. Han hadde tårer i augo. Eg meinte eigentleg ikkje det eg sa. For eg veit akkurat korleis det er å vere aleine. Konduktøren kjem tilbake. Han sett seg ned og spør korleis
eg har det. Eg svarar som sant er; at eg framleis lurer på kva
som er på den andre sida. Utanom det verkar det ikkje som om det
er nokon fare for at eg skal døy av for mange besøkande.
Konduktøren går vidare og snakkar med Stol. Han snakkar
alltid lenge med Stol. Alltid mykje lenger enn med meg. Kva er så
spesielt med Stol? Kvifor går nokon av på den eine sida? Spørsmålet
fekk isoporkulene til å gå rundt inni meg. Kvifor gjekk
ikkje alle av på solsida? |