Kristine Espeland Rafdal



Hei eg heiter Kristine og eg er ein bloggar. Utover dette så farger eg håret oftare enn andre folk eter middag. Nesten, i alle fall. Stort sett går det i ettervekst, med enkelte slåande untak. La oss berre ein gong for alle bekrefta at det IKKJE, eg gjenntek IKKJE er ei myte at raudt hår + bleiking = oransj.

Ellers er eg litt over gjennomsnittet interessert i sauer. Fordi dei er fine og mjuke. Og litt sånn som hundar. Du liker jo hunden din, sant?

Og så skal eg bli sånn lektor. Og som ein direkte konsekvens av det har eg nå rota meg bort på austlandet, til min indre Rogalending sin store fortvilelse. Du finner meg i ei eller anna random kantine på Blindern. Eg har nemlig utvist eit usedvanleg talent for å gro kaffi. Kan oppsummerast som ein vimsete student, med ein plan og anlegg for eksamensangst.

Hurra. Så driv eg med politikk og sånn. Heia Senterpartiet!

Likar: Sauer. Raud Solrik. Tekst. Smågodt. Twitter. Facebook. Katarina von Bredow. Fotbad. Sminke. Parantesar. Snowboard. Foreldrene. Fruity White vinen (jordbær/hyllebær, billig OG norsk. Kva venter du eigentleg på?). Nyvaska klede. Saudasjøen. Vatn. Rosa koffert.

Likar ikkje: Oppvask. Eksamen. Kultursnobberi. Høge sko. Kulde. Regn (Oh fagre vestland). Belegg på tennene. Pensum. Kokte gullerøtter. Superlim. Søppelbilen. Veps. Nylakka negler. Brødsmular. Valentinsdagen. Sukker (right). Ballsport. Sport. Sport på tv. Tom postkasse.


Ja. Så skriv eg. Og les bøker då. Herrefred. Kva trudde du eigentleg? Knis.

(Sist oppdatert 01.03.10.)


Her ser du min publiseringsliste

Les også gjerne noen av mine tekster

@Unge Lovende Forfatteres Forening (ULFF)