Stupet
av Margrete Vik Gagama


Eg søkjer sanninga,
eg trudde det ein gong
No kjenner eg livet betre
men fann aldri dei svara eg trong

Du kan kjempe, men blir aldri fri
livet ditt er oppmålt i tid
Finn du ein du kanskje blir gla’ i
noke av deg kjem til å li’

Eg søkjer sanninga,
står att ved eit stup
for mykje dei krev av deg
det opnast eit djup

Ei open sjel som ligg i kav
eg druknar i mitt framtids hav
Drømte meg på leiting mens eg svav
einsam fant eg ikkje livets rav

Eg søkjer sanninga,
men fant berre deg
du gleda meg og såra meg
som ven gav du livet til meg

Margrete Vik, 17.06.98


Tilbakemelding?